Velkommen til Telavåg

Ei lita perle i vest. Telavåg finner du i Sund Kommune som ligger ca 40 minutter med bil fra Bergen by. Kjører du fra Bergen by kommer du til Sotra  ( En øy ) som består av 3 kommuner. Sund, Øygarden og Fjell.
På denne nettsiden om Telavåg kan du blandt annet få ein reise i historien til Telavåg. Til 2.verdenskrig, hvor den fryktelige tragedien tok sin plass i historie bøkene. Noe som alle nye generasjoner bør ta med seg i minnet.

Men det er mye mer en bare krigshistorie Telavåg har å by på. Det er en idyll for turister og fiskere. Fra lang tid tilbake har fiske og hvalfangst vert det viktigste levebrødet for Telavågarane.

På austsida av Telavågen ligg Nipa, som lyfter seg 89 meter over havflata. Ho er ikkje så godt synleg for den som ligg ute på havet. På vestsida av vågen finn ein gardane- Telle lengst inne, så Midttveit og Øvretveit ytst. På austsida ligg gardane Selstø ytst og Nipa inst, rett under Nipa-fjellet. Innmarka og bøane er grøne og fine. Utmarka var beitemark, og her henta ein òg torv. I dag er utmarka berg, myrar og lyngheiar, og slik har ho vorte etter intens bruk gjennom hundreåra. Les meir på linken under..

Telavåg ligg i Sund Kommune
Sund Kommune – har eit areal på 99,3 km2. Kystlinja er 110 km lang. Saman med Fjell kommune i nord blir området omtala som SOTRA. Sund kommune blei landfast i 1972 då Sotrabrua opna. Talet på innbyggjarar er 5.156 p.r. 01.07.2000.
Kommunen sin grense stammar frå 1886 då Austevoll kommune i sør og Marstein Fyr blei skilt frå som eigen kommune. Næraste nabo i vest er Shetland, 180 nautiske mil rett vest.

Nordsjøfartmuseet
Museet tek føre seg Nordsjøfarten med flyktningar, agentar under 2. verdskrig og Telavåg-tragedien. Den vesle bydga Telavåg heilt vest på Sotra, med omlag 400 innbyggjarar, dreiv aktiv hjelpearbeid for nordmenn som måtte flykte under krigen. I april 1942 avsløra ein angjevar dette for tyskarane. Under den etterfølgjande militæraksjonen vart ein Linge-kar og to høgtståande Getspo-offiserar skotne og drepne. Dette førte til den verste terrorhandlinga som tyskerne gjennomførtei Noreg under krigen.

Tolkning av Telavåg navnet

[te:’lavå:g]

Tælavåg blir også skrevet Telavåg.
Sammensatt av sisteleddet våg (fjordbukt) og gårdsnavnet Tæle,
[tæ’le]. M. Olsen tolker dette som gammenorsk *tælir,
avledet av gammelnorsk *tál, (hunnkjønn “list, svik, luring”,
jfr. tæla, verb som betyr “svike, lure.”)
*Tælir hører som fornavn på Tælavågen, fordi h
an lett kan forvekslest med et Sund.

Lengst ute i havgapet mot Nordsjøen, med rike fiskeplassar og opne havstykke til alle kantar, ligg fiskeværet Telavåg. Den nakne, grå berghammaren Telaburet reiser seg traust med sine 73

meter mot himmelkvelven der Telavågen opnar seg mot havet. Han har vore eit godt sjømerke for sjøfolk og fiskarar. Har ikkje holmane utanfor greidd å stagga bølgjene frå storhavet, så tek Stekholmen inne i vågen det meste som måtte vera att av drag inne i hamna

På austsida av Telavågen ligg Nipa, som lyfter seg 89 meter over havflata. Ho er ikkje så godt synleg for den som ligg ute på havet. På vestsida av vågen finn ein gardane Telle lengst inne, så Midttveit og Øvretveit ytst. På austsida ligg gardane Selstø ytst og Nipa inst, rett under Nipa-fjellet. Innmarka og bøane er grøne og fine. Utmarka var beitemark, og her henta ein òg torv. I dag er utmarka berg, myrar og lyngheiar, og slik har ho vorte etter intens bruk gjennom hundreåra.

Frå arkeologiske registreringar kjenner ein øydetunet, Tuftene, i utmarka nord for Midttveit. Dette tunet er datert til 500-talet. Før mellomalderen har Telavåg truleg høyrt til ei hovdingætt.

I mellomalderen låg gardane her under Nonneseter kloster. Vincens Lunge, som òg var lensherre på Bergenhus, overtok klostergodsa, for i 1535 står dei oppførte i jordeboka hans.

Tidleg på 1500-talet finn ein desse gardbrukarane/leiglendingane her ute: Ion pa Østwet (Øvretveit), Villum pa Midtwet (Midttveit), Erlend og Ion på Tellum (Telle), Olaff Vndernip (Nipa) og Bodwar pa Selsted (Selstø).

Det følgde kvalrett med alle gardane i Telavåg alt før svartedauden kom til landet i 1349.

Fisket var regulert av eigedomsrett til særskilde fangstplassar, og holmar og vågar låg til dei næraste gardane. Men sjølve storhavet var felleseige, der alle kunne ausa av matkjelda.

Då Vincens Lunge overtok eigedomane i Telavåg, følgde òg kvalretten med. I jordeboka hans frå 1535 er det nemnt 60 stikker og 40 kringler bast til Grindasundet. Ved Stekholmen – namnet kjem truleg av at ein sette stikker i sjøen – stengde dei av slik at kvalen ikkje kom seg ut att. Sundet vest for Stekholmen heiter Grindasundet, også dette namnet skriv seg frå at det vart sett grind, stengsel for kval, der. Tidleg om våren sleppte dei grinda ned i sjøen, og ho stod til langt utpå hausten. På botnen i Grindasundet ligg det framleis steinar som grinda stod på. Notasundet aust for Stekholmen stengde dei med not.

Kvalen vart drepen med forgifta pilar. Dei brukte pil og boge i kvalfangsten heilt fram til 1896. Alt på kvalen vart nytta, også spekket, som trongst i kosten og til lampeolje.

Det er stengt mykje sild i Telavågen. Elles låg nokre av dei beste lakseplassane i Hordaland her. Det stod laksenøter ved Kvaløy, Gåsøy, Skarvøy, Klosterholmen, Malmen, Lyngøy, Ertnesholmen, Svartholmen og Stallen. Før vart det òg teke mykje hummar.

I 1705 fortel “fattige bønder” kring Telavåg at dei i mange år hadde handla med Abraham Wessel, som då var landeigar i området og dessutan åtte handels- og gjestgjevarstaden Glesvær. Han heldt mest til inne i byen. På stormfulle dagar kunne ikkje bøndene levera fisk til byen. Dei bad difor stiftmannen påleggja Wessel å halda ein kjøpsvein i Telavåg heile året, som skulle syta for salt og anna som trongst i fisket. Eit “Kremmerleie og Gjestgiveri i Tellevaag” er nemnt i 1786 då Glesvær vart selt på dødsbuauksjon til Hans Krohn.

I grunnboka for Selstø og andre gardar i Telavåg er det tinglese 26. april 1802:

“Contract mellom Beboerne af denne Gaard, Telle, Nipen, Øfstvedt og Midtvedt om ikke at bruge Smaatorskegarn i Tellevaagen m.m.”Det viser at folk visste mykje om livet i havet og la vekt på å forvalta desse ressursane på ein god måte.

Før gjekk folk gjennom utmarka, eller dei rodde når dei skulle til nabobygdene. Vegen mellom Spildepollen og Årvika vart ferdig først i 1915. Brua over Telavågen kom i 1949.

Telavåg vart ein sentral plass for motstandsarbeidet under andre verdskrigen. Herifrå var det strake vegen over til Shetland og England. I april 1942 gjekk det føre seg terrorhandlingar i Telavåg. Heile bygda vart jamna med jorda, og alle som budde her, over 400 menneske, vart sette i fangenskap. 31 kom aldri attende. Det var då 45 matrikulerte gardar, kvar fødde to til fire kyr og åtte til ti sauer. Alt i alt vart 300 hus øydelagde: 66 våningshus og dessutan driftsbygningar og naust. I tillegg var det 20–25 fiskebåtar og mange andre mindre båtar. Alt vart øydelagt. Men verst var likevel dei menneskelege lidingane som følgde med.

Telavåg vart bygd opp att etter krigen. Krigsskadetrygda, Nasjonalhjelpa, Husbanken og frivillige gåver finansierte atterreisinga.

I dag er Telavåg atter eit livskraftig samfunn. Den vakre bygda ligg der i det same gamle landskapet, med Telavågen, Telaburet og Nipa som bindeledd gjennom tidene.

Info og Tekst her hentet fra Fylkeskommunen

Vist 1170 ganger.